Bak f.v.: Marthin Miljeteig Svendsen, Bastian Tegge, Tobias Helgesen, Mathias Haugland Rønnevik, Jardar Stråpa Grimås, Viljar Birkeland, RicardsJanceviks, Malene Hallingstad Rønnevik. Midten f.v.: Anders Gjerde, Torstein Øvregård, Mathias Kaldheim, Mari Vestbø, Maria Antonette Bakkedal Bjelland, Eva Skeie, Håkon Opsal. Framme f.v.: Mariann Staurland, Silja Golf, Alina Bartasiute, Veslemøy Eknes Bakkedal, Ingeborg Eilertsen Stople, Sara Marvik Johansen. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Marthin Miljeteig Svendsen, Bastian Tegge, Tobias Helgesen, Mathias Haugland Rønnevik, Jardar Stråpa Grimås, Viljar Birkeland, RicardsJanceviks, Malene Hallingstad Rønnevik. Midten f.v.: Anders Gjerde, Torstein Øvregård, Mathias Kaldheim, Mari Vestbø, Maria Antonette Bakkedal Bjelland, Eva Skeie, Håkon Opsal. Framme f.v.: Mariann Staurland, Silja Golf, Alina Bartasiute, Veslemøy Eknes Bakkedal, Ingeborg Eilertsen Stople, Sara Marvik Johansen. Foto: Grethe Hopland Ravn

10. klasse, Vikedal skule

Kva ønskjer du å utdanna deg til?

10-20-klassen min-10-vikedal-marthin

– Yrkessjåfør! Far min er det, og det ser veldig kjekt ut å køyra lastebil. Eg ønskjer ikkje å køyra utanlands, berre i Noreg. Då må eg etterkvart gå på skule i Sauda.

Marthin Miljeteig Svendsen

10-20-klassen min-10-vikedal-silja

– Eg veit ikkje i det heile tatt. Trur det må bli noko som handlar om menneske. Kanskje spesielt barn. Tenker litt på lærar, men har ikkje bestemt meg.

Silja Golf

10-20-klassen min-10-vikedal-sara

– Veit ikkje. Det einaste eg veit er at eg vil gå på studie-linja i Ølen til hausten. Men eg vil gjerne ha ein jobb der eg hjelper menneske. Kanskje advokat?

Sara Marvik Johansen

10-20-klassen min-10-vikedal-mari

– Eg har ikkje bestemt med for kva eg skal bli når eg blir vaksen, men eg synest både politi og advokat høyres spennande ut.

Mari Vestbø

10-20-klassen min-10-vikedal-torstein

– Eg vil jobba med anlegg. Gjerne gravemaskinsjåfør. Har prøvd ganske mykje heime, og det er «dualigt» kjekt.

Torstein Øvregård

10-20-klassen min-10-vikedal-tobias

– Veit ikkje! Har eigentleg ikkje bestemt meg for kva eg skal til hausten ein gong, men eg vippar mellom TIP og studiespesialiserande.

Tobias Helgesen