Kva likar du best med våren?
– Det beste med våren er påske og 17. mai. Og så kan eg endeleg byrja å eta is igjen. Min favoritt er Frisk-is.
Marie Kaldheim
– Eg er veldig glad i 17. mai, så det er det beste vårteiknet for meg. Eg likar å gå i bunad, vera med venner og feira dagen.
Silje Stueland Larsen
– Eg er ikkje så redd for kaldt vatn, så når det endeleg blir vår er det tid for å bada ute. Elles så likar eg å vera med venner.
Kim Bjarte Rørheim
– Det beste med våren er lemming. Me har gard og eg får vera med på å ta i mot nye lam. I år kjem det sikkert 150-180 lam. Elles så likar eg å skate og å spela fotball i varmt vêr.
Gudmund Håland Miljeteig
– Med våren så kjem fint vêr, lysare kveldar, fotballtrening og mykje folk på skatebanen. Det er kjekt å gjera fleire ting ute i lag med venner.
Ole Magne Leite Aandahl
– At geitene våre kjem ut av fjøset og til sommarbeitet. Me har tre geiter; Gismo, Heidi og Klara. Eg likar også å sparka på sparkesykkel om våren.
Tim Lennard Toralf Dentel