F.v.: Peder Sævareid, Kristoffer Moe Tungesvik, Lukas Thör, Tobias Johansen, Linea Louise Funderud, Ida Margrethe Molnes Sydnes, Keira Alina Sandanger
Foto: Grethe Hopland Ravn
F.v.: Peder Sævareid, Kristoffer Moe Tungesvik, Lukas Thör, Tobias Johansen, Linea Louise Funderud, Ida Margrethe Molnes Sydnes, Keira Alina Sandanger Foto: Grethe Hopland Ravn

6. klasse, Skånevik skule

Kor ville du reist dersom du hadde «ein haug» med pengar?

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-peder

– Då ville eg reist til Manchester, og budd på eit skikkeleg luksushotell. Så ville eg gått på fotballkamp, der Manchester hadde knust Liverpool 10-0

Peder Sævareid

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-kristoffer

– Då hadde eg reist til Los Angeles og bestilt meg eit rom på eit luksushotell. Eg ville bada på stranda og gått rundt og kikka i Hollywood.

Kristoffer Moe Tungesvik

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-lukas

– Eg ville reist til Bora-Bora øyene. Det høyrest kjekt ut. Då ville eg budd i eit av dei husa som ligg uti sjøen.

Lukas Thör

IMG_8929

– Eg ville reist til Chicago og besøkt dei store brannstasjonane der borte og kikka på dei store brannbilane. Eg ville budd på eit kjempeflott hotell.

Tobias Johansen

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-linea louise

– Eg ville reist til Kypros fordi der er det så varmt og fint vêr. Eg ville budd minst to veker på eit flott hotell, med All Inclusive, og så ville eg hatt med meg heile familien min.

Linea Louise Funderud

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-Ida margrethe

– Mallorca hadde vore min favoritt, for der er det varmt heile tida og mange basseng. Eg likar å bada, og eg ville budd på luksushotell og ete mykje is.

Ida Margrethe Molnes Sydnes

39-19-klassen min-6.klasse-skånevik-keira

– Eg ville reist til Thailand. Der er det varmt og fint sjølv om det er midt på vinteren i Noreg. Eg ville klappa tigrar, og så ville eg bada i sjøen fordi den ser så fin ut i Thailand.

Keira Alina Sandanger