Bak f.v.: Jasmina-Paula Nitu, Linnea Døvik, Jone Frantsen, Halvard Haslemo, Per Gjerde, Linda Eike. Midten f.v.: Eiolf Velde, Lovise Skrunes, Magnus Eikesdal, Wiktor Michal Meszynski, Johan Sørhus. Framme f.v.: Ida Marie Nilsen Eikeland, Sofie Ihle, Rebekka Eide, Tuva Tünde Austestad, Sara Elise Langeland, Inga Amalie Lærdal Viland. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Jasmina-Paula Nitu, Linnea Døvik, Jone Frantsen, Halvard Haslemo, Per Gjerde, Linda Eike. Midten f.v.: Eiolf Velde, Lovise Skrunes, Magnus Eikesdal, Wiktor Michal Meszynski, Johan Sørhus. Framme f.v.: Ida Marie Nilsen Eikeland, Sofie Ihle, Rebekka Eide, Tuva Tünde Austestad, Sara Elise Langeland, Inga Amalie Lærdal Viland. Foto: Grethe Hopland Ravn

6. klasse, Vats skule

Kva gjer du for miljøet?

23-19-klassen min-vats-johan

– Eg har bygd leikehytte av paller og ikkje plankar. Det er gjenvinning! Så brukar eg spikrar på nytt, og så køyrer eg hoverboard som går på straum.

Johan Sørhus

23-19-klassen min-vats-jone

– Eg kastar maten i matavfallet. Så syklar eg når eg skal ut på noko i staden for at eg blir køyrd.

Jone Frantsen

23-19-klassen min-vats-magnus

– Eg er opptatt av at bosset skal i rett søppelspann.

Magnus Eikesdal

23-19-klassen min-vats-linnea

– Eg plukkar mykje søppel ute i naturen. Me har ei ekre som går langs vegen, og der kastar folk myke boss. Elles så et me restemiddagar, og dyra får også restar. Så kjeldesorterer me.

Linnea Døvik

23-19-klassen min-vats-rebekka

– Eg sorterer bosset. Så bur eg på gard, og der er det mykje siloballar som er innpakka i plast. Og den plasten samlar eg opp.

Rebekka Eide

23-19-klassen min-vats-inga rebekka

– Eg plukkar søppel ute i naturen, og i alle fall der det er søppelhenting. For der ligg det mykje søppel etter at bossbilen har vore og henta, og det bør ikkje blåsa vekk. Eg er også opptatt av kjeldesortering.

Inga Amalie Lærdal Viland