Bak f.v.: Abdul Raman Alhamdan, Johannes Skjølingstad Løhaugen, Abdullahi Abdisalan Abdullahu, Daniel Træet, Kai Otto Silde Frønsdal, Bjarte Berge Lillegraven, Lena Grindheim Grønfur. Midten f.v.: Maria Skrunes Tjelmeland, Tale Asbjørnsdotter Skjensvoll, Stina Matre. Framme f.v.: Lone Sørheim, Angelika Majewska, Bjørg Ljusnes Sævareid, Flora Köllö Litlehamar, Elida Ljusnes Jensen. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Abdul Raman Alhamdan, Johannes Skjølingstad Løhaugen, Abdullahi Abdisalan Abdullahu, Daniel Træet, Kai Otto Silde Frønsdal, Bjarte Berge Lillegraven, Lena Grindheim Grønfur. Midten f.v.: Maria Skrunes Tjelmeland, Tale Asbjørnsdotter Skjensvoll, Stina Matre. Framme f.v.: Lone Sørheim, Angelika Majewska, Bjørg Ljusnes Sævareid, Flora Köllö Litlehamar, Elida Ljusnes Jensen. Foto: Grethe Hopland Ravn

6A, Enge skule

Kva type idrett likar du?

IMG_8777

– Eg likar fotball veldig godt, og eg spelar det mest på skulen. Eg går ikkje på fotballtrening på ettermiddagane. Av fotballag ein ser på tv likar eg best Liverpool

Bjørg Ljusnes Sævareid

IMG_8778

– Fotball og langrenn, aller helst langrenn. Dei beste skiløypene eg veit om er på Vierli, der me har hytte. Eg likar også å heia på Manchester United. Eg var på kamp med dei før påske. Då var eg i England i éin månad.

Tale Asbjørnsdotter Skjensvoll

IMG_8780

– Det beste eg veit er fotball, og eg spelar på G12 og G13-laget til Etne. Her likar eg meg kjempegodt. Av fotballag heiar eg på Barcelona, og favorittspelaren min er Messi.

Abdul Raman Alhamdan

IMG_8781

– Eg likar best fotball, og eg spelar på J12-laget til Etne. På banen likar eg best å spela midtbane.

Stina Matre

IMG_8782

– Eg likar best fotball, og på fotballbanen trivest eg best når eg får spela venstre ving. Eg likar å følgja med på Manchester United fordi dei rett og slett er best. Favorittspelaren min er Pogba.

Abdullahi Abdisalan Abdullahu

IMG_8783

– Eg likar både fotball og ski, men aller best likar eg fotball fordi då kan me vera saman med mange vener. Eg likar best å spela midtbane, og så heiar eg på Tottenham sitt fotballag. Favorittspelaren min er Christian Eriksen

Johannes Skjølingstad Løhaugen