Bak f.v: Runa Høiland Sævareid, Sverre Rolland Heggebø, Liva Helen Haugen, Sanna Matre, Odin Adolfsen, Nanook Sørheim Songe, Julian Litlabø Sletten. Midten f.v: Emine Birkenes Øyjord, Luke Aksdal Purcell, Maja Kwiatowska, Monica Markhus, Marie Hustoft Sortland, Ida Ekornrud, Vetle Tjelmeland Hårajuvet. Framme f.v: Mattias Presttun, Markus Heggen, Kevin Hornenes, Emma Vik Håland, Livia Opedal, Isabella Konova Sævareid. 
Ikkje tilstades: Marius Tendal. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v: Runa Høiland Sævareid, Sverre Rolland Heggebø, Liva Helen Haugen, Sanna Matre, Odin Adolfsen, Nanook Sørheim Songe, Julian Litlabø Sletten. Midten f.v: Emine Birkenes Øyjord, Luke Aksdal Purcell, Maja Kwiatowska, Monica Markhus, Marie Hustoft Sortland, Ida Ekornrud, Vetle Tjelmeland Hårajuvet. Framme f.v: Mattias Presttun, Markus Heggen, Kevin Hornenes, Emma Vik Håland, Livia Opedal, Isabella Konova Sævareid. Ikkje tilstades: Marius Tendal. Foto: Grethe Hopland Ravn

Enge skule, klasse 1A

Kva ville du snakka med vår nye statsminister om?

Odin Adolfsen

– Eg ville sagt til han at eg blir den neste statsministeren i Noreg. Det kunne eg tenkt meg å fortalt han.

Odin Adolfsen

Odin Aksdal Purcell

– Eg ville sagt at han måtte bestemma seg for å laga ein ny og stor veg i Etne, for då blir det mindre bråk.

Luke Aksdal Purcell

Vetle Tjelmeland Hårajuvet

– Om eg hadde snakka med statsministeren, ville eg sagt at me treng fleire sandkasseleiker her på skulen. Det hadde vore kjekt å få mange nye leiker.

Vetle Tjelmeland Hårajuvet

Emma Vik Håland

– Då ville eg fortalt han at alle førsteklassingane i Etne skulle fått gratis kino kvar fredag, og at me skulle fått sett filmen i skuletida.

Emma Vik Håland

Runa Høiland Sævareid

– Eg veit ikkje om det er statsministeren som bestemmer det, men eg ville sagt at måtte bestemma at me får bada minst ein time kvar dag i bassenget.

Runa Høiland Sævareid

IMG_6971

– Etne treng eit større og finare badebasseng, og eg ville sagt til statsministeren at det kunne han ordna. Han må hugsa at me treng ein vassrutsjebane også.

Ida Ekornrud