Kva gler du deg mest til ved å byrja på vidaregåande skule?
– Eg gler meg mest til å møta nye folk, og få nye venner. Gler meg til å gå i ny klasse, og eg har lyst til å gå på helse og oppvekst-linja i Ølen.
Henriette Eide
– Eg gler meg til å gjera noko som eg likar. Eg likar å arbeida, og har lyst til å gå på TIP enten i Ølen eller Sauda. Gler meg til å sveisa og skru, og har lyst til å bli maskinførar.
Sveinung Stødle
– I sommar skal heile familien min flytta til Sarpsborg, så det blir spennande å byrja på ny skule der. Eg har lyst til å gå på idrettslinja, og gler meg til det.
Abdiqani A. Mohamed
– Å byrja på ein ny skule, å vera med på nye ting i eit nytt miljø gler eg meg til. Ser også fram til å ta skulebuss, og har lyst til å gå på studielinja med breiddeidrett i Ølen.
Helena H. Solheim
– Eg trur me får det friare på vidaregåande, og det gler eg meg til. Ser også fram til å bli kjend med nye folk, og eg ser fram til å gå på idrettslinja i Ølen
Amalie Kringlebotten
– Eg gler meg til å byrja på skule i Haugesund, enten på HTG eller på Karmsund. Så då blir det studie med toppidrett eller helse med toppidrett. Gler meg til å bu på hybel
Simon M. Kuijs