Bak f.v.: Frederik Matre Søvik, Samuel Torsen, Bjørnar Halsnes Steinsland, Tobias Tverå, Marius Matre Stople, Kristoffer Ebne. Midten f.v.: Nora Eikehaugen, Cathrine Søndenå, Daniel Davidsen Matre, Sebasitan Grøvdal, Elina Nesse Kvinnesland, Malin Fjæra. Framme f.v.: Paulina Maria Lewandowska, Helena Digernes Matre, Andrea Eidsheim, Khadija Ibrahim Alhari, Raluca Iustina Bustihan, Ingeborg Hundhammer, Sara Lunde. 
Ikkje til stades: Stina Kirketeig
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Frederik Matre Søvik, Samuel Torsen, Bjørnar Halsnes Steinsland, Tobias Tverå, Marius Matre Stople, Kristoffer Ebne. Midten f.v.: Nora Eikehaugen, Cathrine Søndenå, Daniel Davidsen Matre, Sebasitan Grøvdal, Elina Nesse Kvinnesland, Malin Fjæra. Framme f.v.: Paulina Maria Lewandowska, Helena Digernes Matre, Andrea Eidsheim, Khadija Ibrahim Alhari, Raluca Iustina Bustihan, Ingeborg Hundhammer, Sara Lunde. Ikkje til stades: Stina Kirketeig Foto: Grethe Hopland Ravn

Klasse 10A, Ølen skule

Då du var liten, kva ville du bli som vaksen?

14-20-klassen min-ølen-bjørnar

– Då ville eg bli prest fordi prestar har så kule klede. Men nå trur eg heller eg planlegg å bli elektrikar.

Bjørnar Halsnes Steinsland

14-20-klassen min-ølen-tobias

– Eg ville bli diamantgruvearbeidar, og eg trur nok det var Lego-inspirert. Det er nok ein urealistisk draum, så no trur eg heller eg siktar meg inn på elektro. Kanskje automatikar.

Tobias Tverå

14-20-klassen min-ølen-marius

– Eg ville bli dyrepassar for eksotiske dyr. Gjerne i dyreparkar. Det har eg framleis lyst til å bli. Eg har halde på den draumen, og kunne godt tenkja meg å jobba i Noreg.

Marius Matre Stople

14-20-klassen min-ølen-elina

– Eg ville bli trailersjåfør, for det verka så kjekt å reisa rundt om kring i landet med ein stor bil som hadde seng baki. No vil eg heller bli ambulansesjåfør.

Elina Nesse Kvinnesland

14-20-klassen min-ølen-andrea

– Eg veit ikkje kva eg ville bli då eg var lita. Kan ikkje hugsa eg hadde ein spesiell draum om eit yrke. I dag har eg lyst til å utdanna meg innan helse. Kanskje lege eller fysioterapeut.

Andrea Eidsheim

14-20-klassen min-ølen-sara

– Eg ville bli forfattar og skriva fantasy-bøker då eg var lita. No veit eg ikkje kva eg vil bli. Eg veit heller ikkje heilt kva eg skal gå på til hausten, men eg har søkt på tre forskjellige internatskular, og tre forskjellige linjer. Så me får sjå.

Sara Lunde