Bak f.v.: Mari Haug Saltnes, Erik Åsheim, Matei Andrei Pop, Sivert Elias Aakre Stålesen, Sofia Jensen, Julie Håheim. Framme f.v.: Maria Rosseland, Monica Sørheim, Olve Grindheim, Kristine Hustoft Sortland, Maiken Näslund Haugen, Hallvar Austrheim. Ikkje til stades: Pelle Hjemdal, Sarah Høyland, Musab Osman Abdalrhman Salih. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Mari Haug Saltnes, Erik Åsheim, Matei Andrei Pop, Sivert Elias Aakre Stålesen, Sofia Jensen, Julie Håheim. Framme f.v.: Maria Rosseland, Monica Sørheim, Olve Grindheim, Kristine Hustoft Sortland, Maiken Näslund Haugen, Hallvar Austrheim. Ikkje til stades: Pelle Hjemdal, Sarah Høyland, Musab Osman Abdalrhman Salih. Foto: Grethe Hopland Ravn

Klasse 6B, Enge skule

Kva er livretten din?

37-19-klassen min-6B-enge-olve

– Lasagne! Med baguette! Smaken av det er det beste eg veit i heile verda. Av og til får eg lov til bestemma middag, og då blir det lasagne. Mamma lagar.

Olve Grindheim

37-19-klassen min-6B-enge-hallvar

– Fleskepannekaker, både med og utan flesk. Eg likar også å ha på nugatti! Det er det beste eg veit. Det pleier eg å velja når me overnattar på hotell.

Hallvar Austrheim

37-19-klassen min-6B-enge-maria

– Det beste eg veit er taco med lefse. Det har me ofte og me byter på å laga middagen. Eg likar ikkje sterke sausar, og vil helst ha mild tacosaus på maten min. Det er kjempegodt.

Maria Rosseland

37-19-klassen min-6B-enge-julie

– Lasagne med salat og kvitløksbaguettar! Det er knallgodt. Eg pleier som regel å dekke bordet mens mamma lagar maten. Me har lasagne ganske ofte, og det synest eg er bra.

Julie Håheim

37-19-klassen min-6B-enge-matei

– Det beste eg veit er spagetti med kjøtsaus. Det er kjempegodt, og det har me ofte heime. Då lagar både mamma og pappa maten me skal eta.

Matei Andrei Pop

37-19-klassen min-6B-enge-monica

– Komle med bacon er det aller beste eg får til middag. Det har me av og til, og då kjøper me ferdige komler. Ein ting eg alltid må ha med når eg et komle, er lundalpølsa. Den klarar eg meg ikkje utan.

Monica Sørheim