Kva vil du jobba med når du blir vaksen?
– Eg vil køyra lastebil og trailer hos Fatland. Eg vil bli lastebilsjåfør og køyra dyr.
Ola Matre Helgevold
– Eg veit ikkje. Kanskje brannmann og køyra brannbil. Då kan me slukka brann. Pappa er brannmann.
Hakim Ismail Sattler
– Eg vil jobba med trailer og lastebil, og køyra heilt til byen. Eg veit korleis ein køyrer trailer, for det er det same som firhjuling og bil.
Markus Helgevold
– Eg vil bli politi. Det er så gøy. Då må eg stoppa tjuvar. Eg vil jobba i Ølen.
Markus Johnsen-Aarekol
– Eg vil jobba med hest. Stella og ri hest. Eg har to hestar og har begynt på riding.
Anine Stakkestad
– Eg vil jobba på Fatland og slakta dyr.
Stella Rørheim