Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg ønskjer meg dinosaurlego, fjernstyrt dinosaur og masse Lego. Eg likar å byggja med lego og så ser eg på Lego Masters.
Ådne Kvinnesland
– En ønskjer meg rulleskøyter og olbogebeskyttar for å køyra rulleskøyter. Og så ønskjer eg meg pengar eg kan spara til hus, og rosa motocross-sko og rosa motocrosshjelm.
Eline Apeland Haugen
– Eg ønskjer meg ein einhjørning som ein kan gå rundt med. Eg såg det på iPaden min, men det kan henda det ikkje finst lenger. Og så ønskjer eg meg radiostyrt einhjørning.
Sophia Tungesvik Vestbø
– Eg ønskjer meg ei svart hue, to kvite genserar, skateboardsko, treningstøy og svart munnbind. Og så ønskjer eg meg walkie talkie og telefon slik at eg kan ringja alle eg kjenner.
Othelia Molland Rørheim
– Eg ønskjer meg munnbind og så vil eg ha tannlegeting slik at eg kan leika tannlege. Og eg ønskjer meg walkie talkie. Eg trur eg får alt.
Karina C. Markhus
– Eg ønskjer meg walkie talkie, kamera og detektivting slik at eg kan spionera på mamma. Og telefon til å spela på. Eg har ingenting eg kan spela på. Eg har berre tv. Og el-sparkesykkel. Det har eg prøvd i Bergen.
Thea Langelid