Bak f.v.: Ellen Malene Brekke, Ellef Nikolai Veland, Rebekka Fjelltveit, Runar Mæland, Hannah Fosse, Trym Steinsland. Framme f.v.: Rasmus Voll, Aksel Vannes Berge, Runa Holtmo Dahlen, Amalie Hundhammer, Sina Lunde, Markus Vetrhus Engenes. 
Ikkje tilstades: Antoni Mglosiek, Kataleja Naujokaite. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Ellen Malene Brekke, Ellef Nikolai Veland, Rebekka Fjelltveit, Runar Mæland, Hannah Fosse, Trym Steinsland. Framme f.v.: Rasmus Voll, Aksel Vannes Berge, Runa Holtmo Dahlen, Amalie Hundhammer, Sina Lunde, Markus Vetrhus Engenes. Ikkje tilstades: Antoni Mglosiek, Kataleja Naujokaite. Foto: Grethe Hopland Ravn

Vågen skule, 1. klasse

Har du opplevd at dei vaksne lagar litt rare reglar av og til?

klassen min-vågen skule-1.klasse-ellen

– Ja! At me har lov til å eta middag med lua på av og til. Så må alltid ungane svare på det dei vaksne spør om, men dei vaksne svarar ikkje alltid når ungane spør om ting.

Ellen Malene Brekke

klassen min-vågen skule-1.klasse-ellef nikolay

– Dei vaksne snakkar så rart av og til. Nesten som at dei snakkar eit anna språk. Så har vaksne ein regel om at det ikkje er lov med snop før middag.

Ellef Nikolay Veland

klassen min-vågen skule-1.klasse-sina

– Dei vaksne lagar alltid reglar om at me må skunda oss når me skal ut av huset. Om me ikkje følgjer desse reglane blir me for seine til skulen.

Sina Lunde

klassen min-vågen skule-1.klasse-runa

– Dei vaksne har ofte reglar om at me ikkje får lov til å eta is og godteri kvar dag. Berre på laurdagar, og fredagar, og av og til på torsdagar.

Runa Holtmo Dahlen

klassen min-vågen skule-1.klasse-aksel

– At eg berre får brus og smågodt på laurdag, og av og til på fredag. Så får eg ikkje lov til å ha ha iPad-en med på skulen. Men av og til får eg spela eitt minutt lengre, om eg seier «pleeeeease».

Aksel Vannes Berge

klassen min-vågen skule-1.klasse-trym

– Det er ein regel om at eg må leggja meg om kvelden, sjølv om eg ikkje er trøytt. Så må eg også stå opp om morgonen, sjølv om eg vil sova lenger. Så får eg berre godteri på laurdagen.

Trym Steinsland