Olav Helland i god driv i bakkane ovafor Fjellstøl. Foto: Peder Lundegård
Olav Helland i god driv i bakkane ovafor Fjellstøl. Foto: Peder Lundegård

Mange tok skia fatt

Mot stor utfartshelg.

Olav Helland frå Ølen var ein av mange som torsdag nytta høvet til å prøva dei flotte skiløypene innover mot Olalia. Draumeforhold, seier dei fleste som har vore ute på ski denne veka.

Også elevar frå Vikedal skule nytta sjansen som dukka opp etter at det kom nysnø og vêret viste seg frå si beste side.

Alt ligg til rette for stor utfart denne helga. Det er kjølig, så godt med klede må til for å ta ein lang og god tur. Løypene er godt preparerte og det skal ikkje vera vanskeleg å finna rett smørjing til ein god glid.