No blir det endeleg trøkk

Ordførarane i kommunane som E134 går gjennom på Haugalandet, står samla om å få til fortgang i arbeidet med den nye europavegen.

Svaret på korleis dei skal klare dette vart klart på eit møte i Haugesund onsdag. No går dei inn for å presse Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet ved å lage sin eigen skisseplan for Bakka i Stordalen og vestover til og med flyplassen på Karmøy.

Lagar eigen skisseplan

Målet er å få starta arbeidet før sommaren og ha planen ferdig til jul. Gruppa som består av ordførarane i Vindafjord, Etne, Tysvær, Karmøy og Haugesund håper at næringslivet blir med på spleiselaget. I tillegg har det gamle Haugalandrådet noko pengar på bok. Prisen er førebels ikkje avklart, men Grannar får opplyst at mykje kan gjerast med tilgang på 1-2 millionar kroner.

— Me kan ikkje vente lenger. Det hastar å gjere noko. Per i dag ligg trafikken tett opp til det som kvalifiserar til ein firefeltsveg. Tenk berre på kor mykje trafikken vil auke rundt Aksdal og austover når Rogfast blir ein realitet. Behovet er akutt, seier Haugesunds-ordførar Petter Steen.

— Den raskaste vegen til Austlandet går over Haukeli. Trafikken på europavegen kjem til å bli enorm, spår Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal.

Samla troppen

— I tillegg er det mange pendlarar som køyrer på E134 til og frå jobb. Køyretida mellom Haugesund og Etne har ikkje blitt kortare dei siste 40 åra. Heller tvert i mot som følgje av den aukande trafikken. Det er også behov for betre infrastruktur, seier Sigve Sørheim, ordførar i Etne.

— Me må ha ei trafikkavvikling i framtida som me kan stå inne for, meiner Harald Stakkestad, ordførar i Tysvær.

Med andre ord var det eit samstemt ordførarkollegium som møttest i Haugesund denne veka. På agenda stod vidare arbeid for E134 frå Bakka og til flyplassen i Karmøy. Dagleg leiar i Haukelivegen AS, Børge Skårdal, var også til stade. Etter planen skulle også Statens Vegvesen vere med på møtet, men dei måtte melde avbod på grunn av sjukdom i siste liten. Møtet var ikkje ope for pressa av omsyn til konkurrerande vegprosjekt.

— Me står heilt samla om dette, og det er me nøydde til å gjere dersom me skal kunne få noko fortgang i det. Det blir ikkje noko spasertur til Stortinget og berre ta imot pengar. Etter at planen endeleg kjem i orden, startar kampen om pengane. Og fordi det er ein riksveg kjempar me mot vegprosjekt i heile landet, påpeikar Steen. Han legg til at gruppa kjem til å invitere regionsvegsjefen på synfaring langs E134 om kort tid.

Håpar på eit tiår

Gruppa håper at skisseplanen vil få innverknad for neste rullering av Nasjonal Transport Plan (NTP), som blir vedteke i løpet av våren. Dei legg til at det ikkje er unormalt at folkevalde legg slikt press på vegvesenet og Samferdselsdepartementet for å fortgangs i vegsakene. Telemark er eit døme der slike strategiar skal ha blitt brukte med gode resultat.

Vierdal meiner dei kjem godt ut av det med ein meir samla innsats enn tidlegare då ordførarane jobba meir frå kvar si tue.

— Det kjennest godt å vere einige og å få trykket på i staden for å drive frå skanse til skanse. Alle har interesse av ein betre veg, europavegen går gjennom alle kommunane våre, seier Vierdal, og påpeiker at konfliktane først dukkar opp på lokalt plan når det er snakk om kor traseane skal gå og omsynet til hus og liknande.

Stordalen-Solheim

— Per no er det for tidleg å diskutere kva prosjekt som skal komme først, men det er viktig å snart komme i gang med Stordalen-Solheim, seier Sørheim.

— Det gjeld om å få ned planleggingstida og å få fylkeskommunane i Rogaland og Hordaland til å skjøne kor viktig Haukeli er. Eg ser ikkje for meg at planlegginga er ferdig før tidligast om ti år, seier Vierdal.

— Kva vil ein ny E134 bety for Vindafjord og Etne?

— Det vil bety enormt for både befolkningsutviklinga, næringslivet og trafikktryggleiken. Folk vil få betre høve til å bu ute i distriktet. Kanskje kan det føre til fleire innbyggarar? undrar dei optimistiske ordførarane.