Kystvaktskipet «Tor» sjøsette to båtar som var med på å heve og frakte motorbåten. Foto: Steinar Skartland
Kystvaktskipet «Tor» sjøsette to båtar som var med på å heve og frakte motorbåten. Foto: Steinar Skartland

Oppdrag forlist båt

Stor aksjon på fjorden.

Ein søkkande båt i Vikebygd vart tatt hand om av Kystvakta og lokalt brannvesen. Eigaren må betale for operasjonen.

Ein kailaus båt førte til at både politiet, brannvesenet og Kystvakta i sjøforsvaret måtte på banen. Eigaren kom med motorbåten til Vikebygd for nokre veker sidan. Men båteigaren hadde verken hamn eller bryggeplass til trebåten. Dermed starta også forviklingane.

Brukte private kaier

Først la han til ved ei privat kai ved Plassabakeriet, flytta så båten til ei blåse i Naustvika. Men den var ikkje solid nok ankra, og båten sleit seg laus og stoppa i fjøresteinane.

Vi vil sjølvsagt rette eit økonomisk krav mot båteigaren

Dermed kom eigaren på banen igjen og flytta båten til ei privat kai ved eit naust i same vika. Eigaren av kaia ville naturleg nok ikkje ha den nye gjesten på eigedommen sin, men han fekk ikkje kontakt med båteigaren, og sette difor opp ein plakat på båten at den måtte flyttast umiddelbart frå båtbrygga og fortøyingsplassen.

Så skjedde ikkje, og båten starta å ta inn vatn, og sokk til botn og vart liggande delvis under sjøflata.

Dermed kontakta bryggeeigaren politiet, som sende båtforviklinga vidare til Vindafjord brannvesen.

Forureining

— I utgangspunktet er dette ei forureiningssak, og vi vart difor kopla inn sidan det er vårt ansvarsområde. Når det var uråd å få tak i eigaren, han er visstnok i ein annan del av landet, var det beste å få båten opp slik situasjonen var, seier fungerande brannsjef i Vindafjord kommune, Oddvar Krakk.

Den havarerte båten stod også i fare for å bli skadd av vêr og vind, og risikoen for lekkasje frå drivstofftanken var endå større.

— Heldigvis var KV «Tor» på veg frå Bergen til Sandnes og kunne trø til med å heve båten i Naustvika. Det var også ein mindre plastbåt vi måtte ta hand om, fortel Krakk.

Han anslår at trebåten er 32-33 fot. Eigaren skal også ha ein båt liggande i fjøresteinane i Døvik litt lenger ute frå Naustvika. Den er brannvesenet klar over, men båten er ikkje fjerna enno.

Får pengekrav

Dei to båtane brannvesenet og Kystvakta tok hand om, er frakta til det kommunale industriområdet på Dommersnes og heist på land der. Kommunen måtte leige inn krane frå Nordic Crane for å få gjort jobben.

Prislappenn for kommunen blir fort opp mot 15.000 kroner med tre tilsette i aksjon og leige av krane. I tillegg kjem innsatsen frå Kystvakta.

— Vi vil sjølvsagt rette eit økonomisk krav mot båteigaren. Vi veit namnet på han vi trur er eigaren, men har ikkje lukkast med å opprette kontakt enno. Det lukkast vi heller ikkje med før vi måtte heve båten, seier fungerande brannsjef Oddvar Krakk.

Det er ikkje første gongen kommunen sitt brannvesen må ta seg av båtar som er havarerte. I fjor var det ein enkeltoperasjon med ein litt større båt i Ølen sentrum som kosta kommunen nærmare 100.000 kroner å få heva og levert til godkjent mottak.

Grannar lukkast ikkje med å spore opp og få kontakt med båteigaren i Vikebygd.