Bustadhuset fekk store innvendige skadar. Foto: Sirianne Vikestad
Bustadhuset fekk store innvendige skadar. Foto: Sirianne Vikestad

Mista alt i brann

— Røyken slo mot meg som ein vegg.

Ingen kom til skade då eit eldrebustadhus i Vikebygd blei totalskadd i brann natt til måndag. Huseigaren roser redningsmnnskapen.

Vakna av lyder

— Eg hadde ikkje tenkt at dette skulle skje meg. Det er ingen som går og venta på noko slikt, seier Liv Nagel-Alne (75).

Jul blir det likevel

Natt til litle julaftan tok det til å brenna i huset hennar på Alne i Vikebygd. 75-åringen vakna tidleg på morgonkvisten av nokre skarpe lydar i hovudetasjen. Ho tok turen opp for å sjå kva det var og på veg opp trappa forsvann lyset i huset.
— Då eg opna døra slo røyken som ein vegg i mot meg og eg skimta noko lysskjær inne på kjøkkenet, fortel Nagel-Alne som var åleine i huset.

Ros

Ho skunda seg med å lukka døra og kom seg fort opp til naboen og fekk varsla om brannen.
Brannvesenet kom til staden i underkant av halvtimen etter varslinga og sette i gang med slukkingsarbeidet. Like etterpå kom politiet og ambulanse frå Helse Fonna. 75-åringen er imponert over kor raskt og effektive dei var, frå då dei kom til staden og fekk satt i gang arbeidet.
— Dei fortener all ros dei kan få, presiserer Liv Nagel-Alne og seier at det var kjekt å oppdaga at ein kan vera trygge på at dei stiller opp når behovet er der.

Ferdig pynta

Huset hennar hadde stått ferdig pynta til jul. Barnebarna hadde vore innom på besøk dagen før brannen og pynta julatre.
— Jul blir det likevel, seier Nagel-Alne og viser til at det gjekk jo bra.
75-åringen kom seg ut i tide, noko sonen og resten av familien prisa seg lykkelige for.

— Det har ikkje gått heilt opp for meg, alt eg har mista, fortel 75-åringen.

Mykje støtte

Naboen kom med nytt tøy til ho, då hennar eige tøy er skada av røyken. Ho fortel at ho har fått mange gode telefonsamtalar og meldingar frå venner og kjente, og seier at det er godt å sjå at ein tar godt vare på kvarandre i bygda.

Politiet var på åstaden i dag saman med elektrisitetslaget, og lensmann Ingvar Gjærde håpar å få svar på kvifor brannen oppstod.