Bryggene som blir produserte ved Etne Betong AS blir større og større og etterspurnaden er stor, fortel frå v. dagleg leiar Erik Gravelseter, prosjektleiar Jette Klungland, produksjonssjef Gunnar Presttun og salssjef Odd-Steffen Garvik. Foto: Arnhild Aaen
Bryggene som blir produserte ved Etne Betong AS blir større og større og etterspurnaden er stor, fortel frå v. dagleg leiar Erik Gravelseter, prosjektleiar Jette Klungland, produksjonssjef Gunnar Presttun og salssjef Odd-Steffen Garvik. Foto: Arnhild Aaen

Brygge i medvind

Denne bedrifta har dobla omsetninga sidan 2009.

Av Arnhild Aaen

Etne Betong AS har dei siste tre åra dobla omsetnaden, og er i dag landets største produsent av betongbrygger. I desse dagar er søsterselskapet Etnebrygga AS etablert.

Frå Etne Betong starta opp i 1982 med betongblandeverk, og fram til i dag med ein 1.800 kvadratmeter stor produksjonshall, er ein vitne til ei eventyrleg utvikling. Omsetnaden i fjor var på omlag 60 millionar kroner, ei dobling frå 2009. Etne Betong AS med søsterselskapet Etnebrygga AS held til på eit 16 dekar stort område på industriområdet på Tongane i Etne.

Vi har alt ein god ordrereserve for 2014, og vi trur at også dette vil bli eit godt år

— Men dette har ikkje gjort seg sjølv, seier dagleg leiar Erik Gravelseter, som deler industrieventyret med kona Toril og dyktige medarbeidarar.

I dag har bedrifta 25 tilsette, pluss nokre fleire i travle tider. Dei fleste av dei tilsette i produksjonen, er frå Polen.

Flytebrygger

Det var i 1984 Etne Betong begynte å produsere brygger. 20 år seinare kunne dei flytte inn i ny moderne produksjonshall, og all bryggeproduksjon vart flytta dit. Produksjonshallen vart utvida i 2010 og er i dag på 1.800 kvadratmeter.

Investeringane dei siste ti åra ligg på rundt 25 millionar kroner.

Kvart år har bryggeproduksjonen auka. I fjor vart det levert 225 betongflytebrygger frå Etne Betong til kundar langs heile norskekysten, frå Mehamn i nord til Fredrikstad i sør.

Salet for inneverande år er alt godt i gang, og Gravelseter trur veksten vil halde fram.

— Vi har alt ein god ordrereserve for 2014, og vi trur at også dette vil bli eit godt år, seier han.

Svensk draghjelp

På spørsmål om starten på bryggeeventyret, fortel Gravelseter at det var eit spørsmål frå eit svensk firma med namn Pontona som sette det heile i gang.

— Vi fekk spørsmål om vi kunne produsere betongbrygger etter ein produksjonsmåte dei hadde utvikla. Vi tok på oss dette, og snart var produksjonen i gang. Men vi har heile tida etterpå vore med og utvikla brygger fram til det dei er i dag, og alt frå 1987 har vi hatt vårt eige konsept, seier Gravelseter.

Stor etterspurnad

For fire år sidan tilsette bedrifta Odd-Steffen Garvik som salssjef. Han tek seg av salet av Etnebrygga og kontakt med kundane.

— Noko me har merka ein positiv verknad av, seier Gravelseter.

På spørsmål om det er ein umetta marknad, svarer han at ein må til Finnland for å finne bedrifter som produserer så store betongflytebrygger, og at ein såleis har ein stor marknad her i landet.

Tilpassar kundane

Salssjef Odd-Steffen Garvik seier at etableringa av Etnebrygga AS ikkje vil føre til større endringar for kundar og samarbeidspartnarar, og at ferdigbetong og forskalingstenester vil halde fram som før.

Når det gjeld bryggeproduksjonen opplyser han at etterspørselen ofte følgjer båtmarknaden når det gjeld dei små kundane. Men dei siste åra har båtsalet vore dårleg utan at ein har merka dette på etterspurnaden av brygger.

—  Etnebrygga leverer alt frå små landstadsbrygger til store marinaanlegg, og vi er produsent for Telebryggen og Vik Ørsta.

I snitt var bryggene som vart produserte i 2012 – 14 meter lange, i 2013 var snittet 18 meter.

Både breidda og høgda blir større og større. Den største som er laga er på 25 meter og breidde opp til 5,5 meter. Vekta kan bli på 50 tonn.  Ei flytebrygge som veg 50 tonn kan bere 50 tonn, fortel han.