Jublar etter å ha blitt nummer to i Tour de Ski – høgdepunktet i årets sesong. Chris Jespersen er nå klar for Falun og dei avsluttande renna i verdscupen.
Arkivfoto: Svein Halvor Moe
Jublar etter å ha blitt nummer to i Tour de Ski – høgdepunktet i årets sesong. Chris Jespersen er nå klar for Falun og dei avsluttande renna i verdscupen. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

Vil trygga tredjeplassen

Chris Jespersen klar til avslutninga i verdscupen.

Sjukdomar har irritert og øydelagt, men sesongen har likevel vore ein stor opptur for Chris Jespersen. I helga går han for å trygga tredeplassen i verdscupen.

Både før og etter OL blei skihelten frå Skånevik ramma av sjukdom. Fredag stiller han til start i Falun der verdscupen langrenn blir avslutta.

Eg går for å sikra mest mogeleg poeng

— Eg går for å sikra mest mogeleg poeng slik at eg kan trygga stillinga i samandraget, seier 30-åringen til Grannar.

Han måtte droppa verdscupen både i Lahti og Holmenkollen etter OL, og har ikkje gått konkurranserenn sidan Sotsji. Det var før årsskiftet han var i storform og prega resultatlistene, og som gav han plass blant dei aller beste i verdscupen.

— Anar ikkje, seier han på spørsmål om forma, og innrømmer at han ikkje har store forhåpningar om topplasseringar denne helga.

Jespersen har vore i Falun heile denne veka og føler seg i det minste frisk til renna som går over tre dagar. Treningsforholda har vore fine.

Tilfreds

Martin Johnsrud Sundby, (1.288 poeng) har alt vunne verdscupen samanlagt, og russiske Alexander Legkov (811 poeng) ligg på ein relativ trygg andreplass. Jespersen på tredje (739 poeng) har god avstand bakover (Petter Northug 539 poeng på fjerde plass stiller ikkje), der utfordrarane Calle Halfvarsson, Sverige (525 poeng) og canadiske Alex Harvey (516 poeng) nærast må ta storeslem for å gå forbi.

— Det er mogeleg å ta 350 poeng, og då må ein vinna alt, seier Jespersen som trass fleire ufrivillige avbrekk er tilfreds med årets sesong.

— Eigentleg er eg storfornøgd, men det er klart det kunne blitt endå betre resultat om eg hadde halde meg frisk.

Lønsamt

Fredag er det klassisk sprint der Jespersen absolutt ikkje trur han kan hevda seg. Laurdag er det 30 km skiathlon for menn, og søndag blir verdscupen 2014 avslutta med 15 km jaktstart i fristil for menn. Det er den siste distansen 30-åringen ser mest fram til.

Så langt i sesongen har han fått utbetalt i underkant av ein halv million kroner i pengepremie frå det internasjonale skiforbundet (FIS), medan ein tredjeplass i samandraget vil gi ytterlegare 74.000 kroner inn på konto. Til samanlikning var ein åttande plass beste verdscupresultat i førre sesong, noko som gav 5.000 kroner i pengepremie. Neste år kan han også bli ein fast del av landslaget.