Ølens tomålskårar i aksjon mot  Falkeid-spelar Geir Espevik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ølens tomålskårar i aksjon mot Falkeid-spelar Geir Espevik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Meisterleg snuoperasjon

Ølen tok eitt poeng, Vats 94 Skjoldar tapte.

Falkeid var på besøk på Ølen stadion torsdag kveld og såg ut å gå mot ein sikker siger. Heile 0-4 stod det i protokollen til 5. divisjonslaget frå Tysvær då dommaren bles for pause.

Etter fullstendig dominans kollapsa gjestene etter sidebytte. Magne Christiansen (2), Rune Torstenbø og Mikal Vaka signerte måla som gjorde at kampen enda 4-4. Slik kampen utvikla seg mot slutten, kunna heimelaget lett ha sikra seg alle poenga etter ein meisterleg snuoperasjon.

Kampen var prega av mange gule kort, heile sju, og fire av desse til heimelaget som også fekk Hans Rørtveit utvist ti minuttar før fulltid.

Tap

Like bra gjekk det ikkje for Vats 94 Skjoldar i same divisjon som også spela heimekamp torsdag. Gjestene frå Torvastad kunne dra heim med 3-6 siger etter at det stod heile 0-4 til pause. Heimelaget skåra tre gonger i andre omgang ved Joakim Frøland (2) og Morten Frøland (straffe), og kunna fått endå fleire mål ved betre utnytting av sjansane.

Etter tre serierundar ligg Ølen på tredjeplass med sju av ni mogelege poeng, medan Vats 94 Skjoldar står med tre poeng og ligg på sjuande plass. Torvastad leiar tabellen med full pott.