Eit stort redningsapparat blei sett inn for å frakta dei skadde til sjukehus. Foto: Privat
Eit stort redningsapparat blei sett inn for å frakta dei skadde til sjukehus. Foto: Privat

Mann alvorleg skadd

Bil og lastebil kolliderte i Imsland.

Tilstanden er alvorleg, men stabil for ein familiefar som var involvert i ei trafikkulykke i Imsland i Vindafjord onsdag kveld. Det melder Universitetssjukehuset i Stavanger.

Det var like over kl 19.00 at politiet fekk melding ein kraftig kollisjon mellom ein personbil og lastebil på Rv46, fem kilometer vest for Ropeid.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at ein familie på tre sat i ein personbil som kolliderte med ein lastebil.

— Far er transportert med ambulansehelikopter til Universitetssjukehuset i Stavanger, medan mor og barn (1) er flydd til Fylkessjukehuset i Haugesund, opplyser politiet.

Det var ein periode etter kollisjonen trafikkregulering på staden, men vegen var noko seinare opna igjen for å så å bli stengt i samband med bilberging.

Lastebilen kom frå Ropeid og stasjonsvogna med familien i frå vest. Kollisjonen skjedde på ei strak strekkje.

Grannar kjem attende med meir om ulukka.