Her ein god gjeng frå Tysvær og Vindafjord blant dei mange bøndene som samla seg føre Stortinget. Foto: Privat
Her ein god gjeng frå Tysvær og Vindafjord blant dei mange bøndene som samla seg føre Stortinget. Foto: Privat

5.000 bønder i opptog

Møtte statsråden med tystnad.

I rekkje lokale bønder var blant dei rundt 5.000 demonstrerande frå og for norsk landbruk som i dag markerte misnøye mot regjeringa sin landbrukspolitikk.

Opptoget samla seg ved Landbrukets hus og gjekk i tog til Stortinget.

— Det var ein livleg, men fredeleg gjeng som viste godt igjen i bybildet, og som fekk fram bodskapen. Både Rogaland og Hordaland var godt representert, seier Skjold-bonde Torleif Stople.

Ein god gjeng frå Etne og Vindafjord hadde tatt turen til Oslo, mange av dei i oppsette bussar som drog av garde kvelden før.

Saman med støttespelarar gjekk bøndene i demonstrasjonstog gjennom gatene for å markera motstand mot staten sitt tilbod i årets jordbruksforhandlingar. Også landbruksminister 

Sylvia Listhaug (Frp) var invitert til å halda appell, saman med blant andre bondelagsleiar Nils Bjørke, leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, LO-sekretær Terje Olsson og Merete Furuberg som er leiar i Bonde- og småbrukarlaget.

Artistane Åsmund og Odd Norstoga stod for underhaldninga.

Isfronten mellom bøndene og statsråden vart sett heilt på spissen då Listhaug talte utan ein lyd frå den store massen.

Les meir om demonstrasjonen i torsdagen utgåve av Grannar.