Kystvakta på plass ved Romsa. Foto: Privat
Kystvakta på plass ved Romsa. Foto: Privat

Kystvakta passar på

Både kystvakta og politibåtar ligg på vakt i Etne- og Ølensfjorden. Dei skal passa på at arbeidarar på West Alpha skal få jobba i fred.

I fleire dagar har både politiet og kystvakta hatt båtar på plass i Etne- og Ølensfjorden og fungerande stabsjef ved Haugaland og Sunnhordland politikammer, Terje Tonning kan fortelja at grunnen til at dei er på plass, er for å beskytta all lovleg verksemd.

— I løpet av 2014 har organisasjonar allereie gjennomført to aksjonar og politiet har grunn til å tru at det også kan komma nye aksjonar i samband med at riggen skal flyttast nordover, seier Tonning.

Riggen West Alpha er for tida på opprusting ved Westcon, og om ikkje lenge skal den nordover til Karahavet for å utføra arbeid der. I følgje Tonning er det fleire miljøvernsorganisasjonar som meiner dette arbeidet er ufornuftig og ikkje bør gjennomførast.

Protestera og demonstrera

— Lova i Noreg seier at ein både kan protestera og demonstrera på ein tryggjande måte, og politiet er derfor tilstades for å passa på at det skjer nettopp slik. Men dei er også representert for å hindra demonstrantar i å komma for nær riggen, eller å gå om bord i den, seier Tonning.

Han legg også til at fleire små vaktbåtar er på plass for å halda øvrig trafikk unna riggen, slik at riggen får ligga fritt i sjøen og arbeidarane får utføra dei nødvendige testane som er planlagde.

— Politiet på staden vil bortvisa dei som kjem for nær, for med tanke på dei store propellane ein rigg har kan det blir svært farleg om ein kjem for nær, seier han.

Om dei ikkje gjer som dei får beskjed om, vil politiet gå til aksjon.