ARKIVFOTO
ARKIVFOTO

Opprettheld trykken på beredskap

Ring politiet om du ser noko mistenkeleg

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opprettheld trykken på den heva beredskapen og har fokus på å patruljera viktige innfartsårer og knutepunkt.

Det går fram av ei pressemelding signert fungerande stabssjef,

Jan Geir Hessen, ved politikammeret i Haugesund, sendt ut fredag ettermiddag.

Uspesifikk trussel

Grunnlaget før den auka beredskapen er den generelle trusselvurderinga mot Noreg som blei innført nasjonalt torsdag.

— Det er snakk om ein uspesifikk trussel som på nåverande tidspunkt ikkje er retta mot konkrete personar, objekt, arrangement eller geografiske stader.

Vårt råd er å gjera som ein pleier. Me ber likevel folk vera årvakne

Me tar informasjonen som kjem frå sentralt hald svært alvorleg, og held tett kontakt med politidirektoratet, samt andre samarbeidande myndigheitsetatar og lokal redningsleiing i samband med situasjonen landet befinn seg i. Me vurderer det som nødvendig å bruka

ressursar på viktige førebyggande tiltak, samt både synleg og skjult patruljering, heiter det i pressemeldinga frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Væpna patruljering

Torsdag blei det innført væpna politipatrulje i samband med utanlands flyging i distriktet, og dette vil pågå vidare. Politimeisteren har også gitt ordre om generell væpning av alle patruljer.

— Me presiserer at avgjerda om dette er gjort med ein førebyggande intensjon, og for å følgja dei føringane som kjem frå nasjonalt hald, uttaler Jan Geir Hessen.

Stabsjefen har forståing for at befolkninga føler usikkerheit. Sjølv om politiet mobiliserer er det på nåverande tidspunkt ikkje behov for at den øvrige befolkninga tar spesielle førehandsreglar, presiserer Hessen.

— Ver årvakne

— Vårt råd er å gjera som ein pleier. Me ber likevel folk vera årvakne. Ser du noko mistenkelig, ring politiet på telefon 02800. Ved akutte hendingar, ring 112, heiter det i meldinga frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet oppfordrar også befolkninga til å vera skeptisk til rykte som går i forskjellige kanalar, særleg sosiale media, og halda seg til verifisert informasjon frå politi og andre styresmakter.

Nettstaden Politi.no blir regelmessig oppdatert sentralt, og lokalt politi vil også bruke politi.no og twitter til å informera om lokale forhold.