Lærarar i massemønstring

Tysdag kveld arrangerer Utdanningsforbundet ei landsomfattande markering, det målet er å visa at lærarane vernar om skulen. Lokalt blir det ei massemønstring i Haugesund. Både streikande og lærarar i arbeid vil delta i aksjonen.

På Haugalandet vil medlemmer frå Utdanningsforbundet Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Bokn, Sauda og Suldal markera dette ved å slå ring om Lillesund skole i Haugesund. Markeringen vil bli fylgt opp av appell frå fylkesleiar Gunn Reidun Tednes-Aaserød frå fylkeskontoret i Stavanger.

Markeringa er eit ledd i konflikten mellom Utdanningsforbundet og KS, der lærarar streiker for ein fortsatt fleksibel arbeidstid tilpassa elevene sine behov for oppfølging og god undervisning.

Skulane i Etne og Vindafjord er det førebels ikkje ramma av streiken.