Daniel Holten kjørte seg opp til ein førsteplass under helgas VM-rallycross i Italia.
Foto: privat
Daniel Holten kjørte seg opp til ein førsteplass under helgas VM-rallycross i Italia. Foto: privat

Til topps i VM-runde

Daniel Holten gjekk heilt til topps i rallycross serien RXLites under VM-runden i Italia søndag. Med søndagens gode resultat blir det opprykk for rallycrosskjøraren frå Vikedal. Han ligg nå på ein tredjeplass i samandraget i klassen, noko han er svært nøgd med.

— Det har gått over all forventning både i går og i dag. Eg er kjempenøgd med heile helga. Dette er heilt utruleg, seier ein glad vinnar på telefon frå Italia.

Før runden i Italia låg Daniel Holten på ein sjuande plass i samandraget. Nå ligg han på tredje og håpar på å halda plassen etter sesongens siste løp.

— Eg håpar å halda på 3. plassen, men ser også sjansen for ein 2. plass samanlagt, seier han. Finalen i serien går i Tyrkia om to veker, og for Holten er førebuingane allereie i gong.

— Nå må eg klargjera bilen som skal sendast i morgon, seier han. Holten sender ein varm takk både til sin far Svein Bjarte Holten for hans innsats som teamsjef og mekanikar, og til hovudsponsoren Granberg AS som har gjort det mogeleg for han å køyra rallyløpa.