Bortviste for bråk

Politiet viste vekk ein mann i 50-åra etter eit slagsmål i Ølen sentrum. Episoden skjedde rundt klokka eitt natt til søndag, og i tillegg til at mannen måtte fjerne seg frå sentrum, er han meld for å ha uroa orden, opplyser operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ein 19 år gammal mann måtte fjerne seg frå eit arrangement i Etne fordi han laga bråk. Det skjedde litt før midnatt natt til i dag.