Tap for Etne

Laurdag reiste Etne A-lag til Bore for å møta Voll som ligg på 7.plass i divisjonen. Etter ei tid i medvind og fleire sigrar, måtte Etne likevel bita i graset og reisa heim med eit 3-0 tap i bagasjen. Dermed ligg Etne framleis under grensa på tabellen og har berre Nord under seg.

Med 21 spela kampar har Etne 17 poeng og må førebu seg på nedrykk i neste sesong sjølv med siger i siste kamp mot Skjold.