Anders Lint Moland  skal representera landet internasjonalt etter sigeren i NM. Foto: Arne Frøkedal
Anders Lint Moland skal representera landet internasjonalt etter sigeren i NM. Foto: Arne Frøkedal

Tok gull i yrkes-NM

Sandeidsbuen Anders Lint Molland deltok denne veka i Yrkes-NM i Trondheim i saman med 330 unge fagarbeidarar frå heile landet. Deltakarane deltok i 27 forskjellige fag i meisterskapet som strekte seg over tre dagar.

Moland jobbar til dagleg med biloppretting på Hanaleite i Førde og gjekk heilt til topps i sitt fag og var ein av 16 deltakarar frå Rogaland. Hordaland hadde 12 representantar med.

Også Jørgen Solheim frå Vikedal kan titulera seg som norsk meister. Saman med Arne Ørke frå Tysvær tok han NM-gull i automatiseringsfaget. Dei to er VG3-elevar ved Åkrehamn vgs, og imponerte domarane stort. Sigeren var med god margin.

Duoen deltok i kategorien skulekonkurranse der dei måtte løysa åtte praktiske øvingar innafor faget.

 Les meir om dei to lokale gullvinnarane i torsdagens papir-/eavis.