Tom Roger Aadland frå Vikebygd var sistemann ut til å spela inn julesongen han valde til plata. Han fekk gjera opptak i Stødle kyrkje. Foto: Grethe Hopland Ravn
Tom Roger Aadland frå Vikebygd bur i dag i Oslo, men kjem heim til konserten i Vikebygd kyrkje på laurdag. Saman med fleire vikebuar skapar dei julestemning. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Jule-cd i postkassa

Tom Roger Aadland er ein av mange artistar som syng på juleplata frå Grannar og ABC-studio.

Tom Roger Aadland sit på ein stol, midt i midtgangen i Stødle kyrkje og syng på sitt særeigne, vakre og litt såre vis, med gitaren som einaste musikkinstrument. «Det lyser i stille grender» tonar stemningsfullt ut i det tomme kyrkjerommet og den nynorske og litt råe poeten viser ei side av seg sjølv som er ganske ny.

Ein kjær og tradisjonell julesong er i opptak og mens Aadland syng songen som i si tid blei skriven som eit dikt av Jakob Sande, sit lydteknikar Kjetil Ulland i bakgrunnen og sikrar seg at opptaket blir perfekt.

— Eg synest denne salmen er flott. Jakob Sande var ein poet som skreiv mange dikt om det litt groteske, om død og om ting som går i oppløysing, så at han også klarte å lage ei slik fantastisk salme ut frå eit slikt sinn, er for meg heilt utruleg, seier Aadland.

Han legg også til at han synest det er kjekt å få vera med å bidra til juleplata, med si lokale forankring i Vikebygd.

Lokale artistar

Juleplata Aadland snakkar om er årets julegåve frå lokalavisa og ABC-studio til alle abonnentar av Grannar.

— Ideen til ei samleplate kom utifrå at me såg kor mange flotte artistar me har i distriktet vårt, og vidare kom ideen om ei juleplate. Då me såg kor alle artistane budde, såg me også at dei høyrde til Grannar-distriktet og då spurte me om Grannar ønskte å vera med på prosjektet, seier Stig Morten Sørheim i ABC-studio.

Han kan røpa at desse artistane bidrar i tillegg til Aadland: Maria Toresen og Reinhard Toresen frå Sandeid, Berge Ohm frå Skjold, Dagny Christophersen frå Ølen/Skånevik, Sveinung Bjelland og Olagutane frå Sandeid/Vikedal, Karoline Taraldsøy frå Ølen, Vegard Skartland frå Vikebygd, kvartetten VIMM frå Etne/Bjoa, Thomas Klungland og Amalie Grindheim frå Etne og Julie Skipevåg Andreassen i saman med Lydia Haugan Helland frå Vikedal.

— Me visste at alle desse artistane er gode artistar, og me blei ikkje så overraska då opptaka blei svært bra. Dei har i større grad overraska oss når det kjem til låtval, og eg trur Grannar sine lesarar vil få ei variert og fin juleplate i gåve, seier Sørheim.

« såg kor mange dyktige artistar me har rundt oss og me byrja å tenkja på å laga ei juleplate

Han legg til at musikarane i studio har vore Nils Halleland (strenger), Rune Rødne (keyboard), Lasse Jarmer (piano), Kjetil Ulland (bass), Odin Staveland (trommer), Arne Haugen (trommer), Anders Lunde (bass), Ola Jacob Hystad (sax), Morten Rødne (gitar), og sjølv har han bidrege med koring.

Tom Roger Aadland synest valet av julesong var svært enkelt.

— «Det lyser i stille grender» er ein song eg har eit forhold til. Melodien er flott og det same er teksten. I tillegg er dette ein song eg har høyrt på heilt sidan eg var liten gut, seier han.

Produsert i haust

Heile juleplata er blitt til i løpet av hausten, og Aadland var sistemann som spela inn sitt bidrag. Og 4. desember ligg den rykande ferske plata i postkassen til alle Grannar sine abonnentar.

— Utfordringa vår har vore litt dårleg tid til innspeling, men artistane har vore særs sporty og har kunna stilla på kort varsel, seier Sørheim.

Dagleg leiar i Grannar, Arve Skogen, gler seg over at lokalavisa på denne måten kan få gi litt tilbake til abonnentane. Han synest også det er spennande at Grannar får vera med på å visa fram alle dei flinke og lokale artistane som kjem frå distriktet vårt.

— Dette har vore eit kostbart prosjekt og me er glade for at me har fått 12 sponsorar som økonomiske støttespelarar til prosjektet. Dette er ei gåve som berre abonnentane våre får nyta godet av. Juleplata vil ikkje liggja i laussalsavisene og den kan heller ikkje kjøpast. Abonnentane får i tillegg høve til å høyra songane på Grannar si nettside, seier Skogen.

— Om denne juleplata slår an, kan det hende me prøver igjen eit anna år også, legg han til.