Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg.
ARKIVFOTO
Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg. ARKIVFOTO

Nordtveit matchvinnar

Noreg vann i EM-kvalifiseringa

Aserbajdsjan – Noreg 0-1(0-1) Håvard Nordtveit stod bak skåringa som sikra det norske fotball-landslaget viktige tre poeng i bortekampen mot Aserbajdsjan.

Vatsbuen spela heile kampen som midtstoppar og var blant lagets beste under sundagens EM-kvalifiseringskamp. 25 minuttar ut i første omgang greidde Nordtveit å riva seg laus frå sin oppassar, og nikka den hardt slåtte hjørnesparket frå Stefan Johansen kontant i mål.

Noreg var det førande laget i første omgang, men overbeviste ingen etter sidebytte. Omgangens dominerande spelar i opningsminutta, Mats Møller Dæhli blei bytta ut til fordel for Jone Samuelsen, og dette svekka laget klart offensivt.

Det norske landslaget har fått ein god start på EM-kvalifiseringa og står med ni poeng etter fire kampar, Dette gir ein førebels tredjeplass. To lag går rett til EM i Frankrike, medan dei beste trearlaga får sjanse til playoff-kamp. Italia og Kroatia er favorittar til dei to plassanse som gir direkte kvalifisering.