Vogntog velta

Uhellet skjedde på fylkesvegen mellom Ølen og Sandeid i dag tidleg, opplyser politiet. Vogntoget kom ut forbi asfaltkanten, og i manøveren for å få alle hjula opp på vegbanen igjen, slo doningen kontra og velta over på sida. Vogntoget fekk materielle skadar, og sjåføren vart køyrd til legevakt med det som er antatt til å vere mindre skrammer. — Asfaltkanten er blitt så høg at det er eit problem dersom hjulet kjem utfor, seier lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.