Denne hjorten vart skoten i mørket på Skånevikstranda seint på natta søndag. Politiet har fått registreringsnummer på bil som stakk av frå staden. Foto: Privat
Denne hjorten vart skoten i mørket på Skånevikstranda seint på natta søndag. Politiet har fått registreringsnummer på bil som stakk av frå staden. Foto: Privat

På hjul etter krypskyttar

Politiet har gode spor.

Ein bil knytt til i ei tjuvjakt på Skånevikstranda er registrert på eit utleigefirma sør for Boknafjorden. Tjuvjakt har vist seg svært vanskeleg for politiet å oppklare sidan det skjer i nattas mulm og mørke, og gjerningspersonane er gjerne forsvunne før lovas lange arm blir involvert. Dermed har politiet få spor å gå etter.

Bilen tilhøyrer eit firma i sørfylket

Klokka halv seks natt til søndag vakna ein fastbuande på Skånevikstranda av eit skot som truleg vart avfyrt med lyddempar. Mannen sette seg i bilen for å sjekke kva som hadde skjedd, og mistanken om tjuvjakt på hjort vart tend.

La seg på hjul

Han observerte ein bil ved fylkesvegen, og bilen stakk og køyrde gamlevegen i retning Etne då den observante naboen nærma seg. Han slo seg til ro med at fuglen var flogen. Kort tid etterpå kom bilen tilbake og stoppa nær den skotne hjortekolla.

— Han kom nok tilbake for å hente hjorten, seier John Kåre Opheim, leiar i viltnemnda i Etne.

Men mannen i bilen vart uroa på nytt av den fastbuande i nærleiken. Også denne gongen stakk «jegeren» av, men køyrde i retning Skånevik.

Mannen la seg på hjul og forfølgde bilen gjennom Skånevik sentrum, over Håland, men gav opp biljakta på E134 rett vest for Etne sentrum.

Bilnummeret var notert og oppdagaren kontakta leiaren i viltnemnda som igjen gav opplysningane vidare til politiet.

Utleigefirma

Då politiet sjekka registreringsnummeret på bilen, førte det til eit leasingfirma på Nord-Jæren.

— Bilen tilhøyrer eit firma i sørfylket. Vi har fått to namn av interesse som vi må sjekke vidare. Vi er interessert i dei som har disponert bilen på det aktuelle tidspunktet. Men saka er ikkje oppklara, seier Vidar Haraldseid ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Han stadfestar at det er sjeldan at dei får registreringsnummer på involvert bil når tjuvjakt blir meldt.

— Med fleire leietrådar har vi noko å arbeide vidare med. Det er ikkje ofte det skjer, og vanlegvis er det som å leite etter nåla i høystakken når vi får inn melding om tjuvjakt, seier Haraldseid.

Sjeldan tiltale

Haraldseid kan ikkje hugse at dei har kome så langt som til tiltale for tjuvjakt i distriktet. Så langt i år er det meldt om tre tilfelle i Etne, medan det i 2013 var fleire episodar, og lensmann Ingvar Gjærde slo fast at ein stod overfor ein omfattande aktivitet med tjuvjakt.

I tillegg er det store mørketal sidan tjuvjakta ofte skjer der gjerningspersonane trur dei får vere i fred nattetid. På relativt kort tid er ein oppe i over ti rapporterte tilfelle.

Tjuvjakta er i stor grad konsentrert til Skånevikstranda og Stordalen i Etne kommune

— Kva kan forklaringa vere på at det plutseleg dukkar opp ein leigebil frå sør i Rogaland som blir knytt til tjuvjakt på Skånevikstranda?

— Det veit eg ikkje, og som sagt er ikkje saka oppklara, seier Haraldseid.

Risiko for å bli tatt

Han opplyser at politiet også fekk inn melding om ein bil som lyste i terrenget ved Kyrping rett etter midnatt tysdag. Mistanken var tjuvjakt, men ein politipatrulje som kom til området, registrerte ingenting på det tidspunktet.

Leiaren i viltnemnda i Etne, John Kåre Opheim, håpar politiet har nok å gå på til å oppklare tjuvjakta på Skånevikstranda. Hjorten var oppblåsen og berre til å kassere då Opheim kom på plassen rett etter klokka ni på søndag for å dokumentere tjuvskytinga.

— Diverre skjer dette heile tida, og det er nok berre toppen av isfjellet som blir oppdaga. Det er mange stader det ikkje bur folk og miljøkriminaliteten kan skje uforstyrra. Difor blir risikoen for å bli tatt sikkert vurdert som liten, seier han.

Viltleiaren seier det er viktig at folk er årvakne og rapporterer til viltnemnda og politiet. Bilar nattetid der det ikkje er så naturleg å vere, kan vere grunn til å vere obs, meiner han.