Det er berre dei to mastene som stikk opp frå vatnet på den gamle skøyta som sokk sist laurdag. Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er berre dei to mastene som stikk opp frå vatnet på den gamle skøyta som sokk sist laurdag. Foto: Grethe Hopland Ravn

To båtar sokk

To båtar på rundt 25 og 40 fot sokk i Skånevik

Det var under blesten sist laurdag at to båtar sokk sist laurdag. Den eine båten var rundt 25 fot og sokk der Miljaelva går ut i fjorden. Der låg ho i vegen for andre båtar, og blei heva umiddelbart.

Den andre båten, ei 40 fot stor skøyte sokk ved den gamle samvirkekaien, og der ligg båten framleis. Skøyta er gamal og i dårleg stand, og har lege ved kaien i over eitt år før den gjekk under. Når ho blir heva er usikkert, for plassering av ansvar er ikkje eit avgjort i ei vending.

— I utgangspunktet er det båtens eigar og båteigars forsikring som har ansvaret for å heva ein båt som har sokke. Men om båten er gamal er det ikkje alltid ein har forsikring og ei heving kan snart komma på fleire hundre tusen kroner, og då er det ikkje lett å finna ei løysing, seier Axel Krüger, rådgjevar i Etne kommune. Han legg til at dersom båten ikkje ligg ved kommunal kai og ikkje er til hinder for kommunen, så har ikkje båteigar ei overordna plikt til å heva båten.

— Om det derimot lek olje eller anna forureinande frå båten, er det sjølvsagt noko anna, seier Krüger.

Vanskeleg å plassera ansvar

Både Erik Kvalheim i Etne kommune og lensmann ved Vindafjord og Etne lensmannsdistrikt Ingvar Gjærde uttalar også at i slike saker er det vanskeleg å plassera ansvar med ein gong. Det er forskjellige instansar som spelar inn.

 Kva som skjer med skøyta i Skånevik er dermed ei ikkje løyst sak. I verste fall er det tidas tann som skal ta seg av båten, mens ho ligg der ho ligg.