Det nye selskapet Nor Aggregates AS vil vera i drift i løpet av mars. Foto: Ølen Betong
Det nye selskapet Nor Aggregates AS vil vera i drift i løpet av mars. Foto: Ølen Betong

Etablerer nytt selskap

Mindre tilgang til natursand er årsaka til ny satsing på mobilt knuseverk.

Saman Reddal Sand AS i Grimstad har Ølen Betong stifta Nor Aggregates AS. Selskapet med to millionar kroner i aksjekapital, har adresse Ølensvåg. Anlegget vil vera i sving i Mølstrevåg i Sveio i slutten av mars, der Ølen Betong vil bruka steinen i sin elementproduksjon. Rundt 15 millionar blir investert i anlegget og det vil vera to til tre tilsette.

— Me gjer dette for sikra nok betongstilslag i framtida og bygga eigen kompetanse. Det blir mindre naturssand å ta av og restriksjonane blir strengare, seier Svein Atle Berge, dagleg leiar i Ølen Betong og styreleiar i det nye selskapet, i ei pressemelding.

Nor Aggregates vil også ha så langt einaste mobile anlegg som er rusta for full produksjon utandørs uavhengig av vêrforhold. Kapasiteten vil vera ein produksjon på mellom 150 og 200 tonn per time.

Bakgrunnen for etableringa er eit forprosjekt dei to selskapa starta i 2012 ved Ølen Betong sitt anlegg på Gismarvik i Tysvær for å koma fram til rett samansetning av maskin- og natursand som betongtilslag.

Morten Pedersen, dagleg leder i Reddal Sand vil vera sjef for det nye selskapet der Ølen Betong eig 51 prosent.

Selskapa knytt til Ølen Betong-gruppa hadde i 2014 ei omsetning på rundt 1,2 milliardar kroner.