Låge straumprisar gav eit svakt resultat for Haugaland Kraft AS i 2020.
Illustrasjonsfoto
Låge straumprisar gav eit svakt resultat for Haugaland Kraft AS i 2020. Illustrasjonsfoto

Mindre på eigarane

Haugaland Kraft AS sin rekneskap for 2014 viser eit nytt godt år for selskapet, men resultatet er svekka samanlikna med året før. Dermed blir det mindre utbytte på eigarane denne gongen enn i fjor.

Driftsresultatet var på 159 millionar kroner mot 194 millionar i 2013. Resultat etter skatt er på 151 millionar, som er 34 millionar svakare enn året før.

— Reduksjonen skuldast i hovudsak lågare inntekter frå kraftproduksjon, skriv selskapet i ei pressemelding signert administrerande direktør Olav Linga.

Utbytte

Samla omsetning i 2014 var kr. 969 millionar mot kr. 1.068 mill. året før. Selskapet investerte i fjoråret for 210 millionar, 35 millionar mindre enn året før. Totalkapitalen ved utgangen av året 
var på 2.786 millionar kroner som gir ein solid eigenkapitaldel på 60 prosent.

Haugaland Kraft hadde i 2014 ein kraftproduksjon på 359 GWh, mot 373 GWh året før. I tillegg til eigne anlegg, utfører selskapet drifts- og vedlikehaldsoppgåver for Tysseland Kraftlag AS og Mosbakka Kraft AS.

Haugaland Kraft har ein eigardel på 40,52 prosent i Sunnhordland Kraftlag AS, 40 prosent i Tysseland Kraftlag AS, 50 % i Mosbakka Kraft AS og 2,54 % i Ulla Førre.

Eit svekka resultat i SKL på 62 millionar kroner samanlikna med 2013, er sterkt medverkande til at Haugaland Kraft kjem dårlegare ut på botnlinja enn for eitt år sidan.

Styret føreslår overfor generalforsamlinga eit eigarutbytte på 83,8 millionar kroner, og samla avkasting til eigarane inkludert renter på ansvarlege lån vil vera 100 millionar kroner, mot 120 millionar kroner i fjor.

Det er kommunane på Haugalandet som eig kraftsleskapet. Vindafjord sin aksjepost er på 6,85 prosent.