Måtte skaffa barnesete

Ein politipatrulje stansa rett før klokka halv fire natt til måndag ein norskregistrert bil på E134 i Ølensvåg. Den blei stansa fordi den køyrde i 75 kilometer i timen i 60-sona. Ved nærare kontroll av bilen var de t to barn i bilen på et og fire år som ikkje var sikra om bord.

Føraren fikk eit førelegg på 4.900 kroner for den høge farta, og fekk ikkje køyre vidare før han hadde skaffa barneseter slik at ungane kunne transporteras trygt. Ifølgje politiet hadde sjåføren tenkt å køyre borna heilt til Stavanger utan skikkeleg sikring.

Ein annan mann vart stansa då bilen køyrde held 75 kilometer i timen i ei 50-sone. Han fekk et førelegg på 6.500 kroner.