Mats Holberg (nr. 60), Ask Edin Goldmann (nr. 58), vinnaren Morten Gjendem (nr. 28), Asbjørn Skoglund (nr. 22) Svein Håkon Kringlebotten (nr. 40) og Thomas Finshus (til høgre) leda an etter dei første hundre metrane opp Hodnafjellet.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Mats Holberg (nr. 60), Ask Edin Goldmann (nr. 58), vinnaren Morten Gjendem (nr. 28), Asbjørn Skoglund (nr. 22) Svein Håkon Kringlebotten (nr. 40) og Thomas Finshus (til høgre) leda an etter dei første hundre metrane opp Hodnafjellet. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Raskast over ni toppar

Morten Gjendem frå Ølen var snarast då Skjold på tvers gjekk av stabelen sundag.

Gjendem vann herreklassa for eliteløparane etter å ha flydd over ni toppar og til saman 23, 8 kilometer på to timar, 13 minutt og 49 sekund, om lag tre minutt bak løyperekorden 2.10, 34, som Per Øyvind Valen noterte i 2012.

Leif Inge Løland vart nummer to med tida 2.20,03 og Asbjørn Skoglund nummer tre med tida 2.23,42.

Novik raskaste kvinne

I eliteklassa for kvinner var det Maryna Novik frå Vikedal som tok sigeren. Med tida 2.41,46. Med det var jo 6 minutt og 38 sekunder bak løyperekorden til Elin Steins Fylkesnes, også den frå 2012.

Miriam Berg Hovda blei nest best med tida 2.49,29 medan Ingar Johanne ble tredje beste kvinne på tida 3.20,26.

800 deltok

— Ein av ungdommane sprang halve løpet med strekk, men elles va det berre smil å sjå, seier Lars Gunnar Økland.

Grannar kjem med ei fyldig reportasje frå arrangementet som samla 800 deltakarar i papiravisa torsdag.