Uavgjort for Ølen

Torsdag møtte Ølen Ferkinstad til heimekamp på Ølen stadion, og etter tre spelte kampar ligg laga etter kvarandre på tabellen. Med eit resultat som enda 1-1, er Ølen på fjerdeplass og Ferkingstad på femte med fire poeng kvar. Ferkingstad var første laget som scora, for i 18. minutt var Joakim Kristoffersen sist på ballen, før den gjekk i mål bak Ølen sin keeper.

Håkon Stople utlikna i 77. minutt og det blei også sluttstillinga. Dommar Johan Veland Kjellesvik frå Haugar SK, delte ut heile sju gule kort gjennom kampen, og desse var signert av: Jostein Hauge (F), Sam Langåker (F), Christer Medhaug (F), Joakim Kristoffersen (F), Roger Vaka (Ø), Leif Rørtveit Vestbø (Ø) og Oliver Vestbø (Ø).