Floatel Victory kjem til Westcon Yard på måndag. Foto: Floatel International
Floatel Victory kjem til Westcon Yard på måndag. Foto: Floatel International

Får inn ny rigg

Bustadriggen Floatel Victory er venta inn Ølensfjorden på måndag.

Den vil segle inn fjorden med kurs for Westcon Yard i Ølensvåg den 18. mai for ein mindre jobb med oppgradering. Dermed blir det igjen tre riggar ved kai hos verftet i Ølensvåg. Frå før ligg Transocean Leader og Safe Scandinavia.

Riggen som kjem inn på måndag, er eigd av Floatel International som har fem bustadriggar i flåten.

— Vi ser fram til eit effektivt og trygt oppdrag for Floatel Victory. Riggen skal til Westcon for ein mindre oppgraderingsjobb og vil ha ei liggjetid på om lag 18 dagar, før den skal ut på testing ei vekes tid. Vi har framleis god kapasitet for fleire oppdrag, seier Malvin Eide, avdelingsleiar for riggreparasjon hos Westcon Yard.

Boreriggen vart levert til riggeigaren Floatel International i 2013 for operasjonar på britisk sektor. Riggen har overnattingkapasitet for 500 senger, og er spesielt laga for å operere i harde vêrtilhøve.