Tour des Fjords i fjor: For første gong fekk Grannar-distriktet sjå eit proffesjonelt sykkelritt. Foto: Arne Frøkedal
Frå Tour des fjords i 2015. I mai går løpet som nå heiter Tour of Norway gjennom Etne og Vindafjord igjen. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Dobbel sykkelfest

Det profesjonelle sykkelrittet Tour des Fjords kjem igjen på besøk. Denne gongen også gjennom søre del av Vindafjord.

Gjer deg klar for eit kjapt og heftig møte med dei norske Katusha-ryttarane Alexander Kristoff og Sven Erik Bøstrøm, og eit stor koppel av verdas beste syklistar. Torsdag 28. mai passerer «sirkuset» Etne og Vindafjord.

håpar sjølvsagt at folk også i år stiller seg opp langs ruta og gjer dette til ein festdag

— Nytt frå i fjor at ruta er lagt om Vats og Tørresdal, opplyser dagleg leiar Asbjørn Moe i Fikse, Etne og Vindafjord Næringsutvikling som er lokalt bindeledd til arrangøren.

Grannar hadde oppslag om rittet i torsdagens avis, men hadde ikkje tatt med at etappe 3 som går frå Stord til Sauda, medfører at Vindafjord blir rute for ein stor del av etappen på 166 kilometer.

Etappe 3 i Tour des Fjords 2015.

Etappe 3 i Tour des Fjords 2015.

Om ettermiddagen

Tour des Fjords dukka første gong opp i distriktet i fjor, og blei ein gedigen folkefest. Truleg stilte eit par tusen personar opp langs traseen som den gong var langs E134 frå aust til vest. Rittet som er ei vidareføring av Rogaland Grand Prix, blir å år arrangert for tredje gong.

Som i fjor er starten lagt til Bryggen i Bergen. Det store feltet på nærare 150 ryttarar, og med eit tog av fylgjebilar og tv-kamera, legg i veg 27. mai og skal gjennom 912 kilometer fordelt på fem etappar gjennom den flottaste vestlandsnatur.

Første etappe går til Norheimsund i Hardanger. Dagen etter startar feltet i Jondal og set kursen mot Haugesund, totalt 205 kilometer som er den lengste etappen. Syklistane er venta å koma inn i Etne kommune frå aust tidleg på ettermiddag og vil passera Etne sentrum, Ølen og Ølensvåg på eit tidspunkt skulane er ferdig med dagen.

Firespurtar

— For å få litt variasjon i løypa og ikkje berre ha rittet langs E134, er traseen endra gjennom Vindafjord og Tysvær i år, fortel ein engasjert Asbjørn Moe.

Ved Knaphus forsvinn feltet til venstre, syklar ned mot Åmsosen, og tar av på den smale og svingete vegen opp Tørresdal. Vidare går rittet via Skjoldastraumen. Degt betyr at Skjold ikkje blir arena denne gongen.

— Me håpar sjølvsagt at folk også i år stiller seg opp langs ruta og gjer dette til ein festdag, slik mange gjorde i fjor. Det er tre punkt som folk kan vera merksame på; ved fylkesgrensa på Fikse og i Tørresda, der det er innlagt bakkespurtar, samt Ølensvåg, der det også i år blir sprint på flat bakke, opplyser Moe om det lokale innslaget av fem etappar lange rittet som blir avslutta i Stavanger sundag 31. mai.

Besøk nummer to

Dagen etter kjem proffsyklistane attende til VIndafjord, først i same løype som dei fòr dagen før, men så vidare frå Vats mot Sandeid, Vikedal og Imsland.

Dermed vil store deler av Vindafjord få bersøk av Tour des Fjords 2015 og kan ta del i folkefesten dette truleg kjem til å bli.

I Vikedal er det lagt inn ein spurt.