Rådmann Elling Hetland har sagt opp jobben som rådmann i Etne kommune. Her på kommunestyremøtet dagen før, i sving med å finna stolar til dei mange tilhøyrarande som kom for å fylgja behandlinga av sparepakken. Foto: Torstein Nymoen
Rådmann Elling Hetland har sagt opp jobben som rådmann i Etne kommune. Her på kommunestyremøtet dagen før, i sving med å finna stolar til dei mange tilhøyrarande som kom for å fylgja behandlinga av sparepakken. Foto: Torstein Nymoen

Rådmannen i Etne sa opp

Leverte oppseiinga dagen etter turbulent møte om innsparing.

Elling Hetland (61) sa onsdag opp stillinga som rådmann i Etne kommune, ein jobb han har hatt i rundt 20 år. Oppseiinga kom overraskande på medarbeidarar rundt han.

Grannar var onsdag kveld onsdag kveld i kontakt Hetland, men han ynskte ikkje å kommentera den uventa oppseiinga. Ordførar Sigve Sørheim stadfester at Hetland har sagt opp skriftleg, og vil etter det han er innforstått med, jobba fram til 1. september.

Hetland som er frå Bjoa, fyller 62 år seinare i år, og har muligheit for å gå av med pensjon dette året, men skal ikkje ha signalisert sin avgang før oppseiinga kom onsdag, dagen etter at Etne kommunestyre behandla den omstridde sparepakken som har tvinga seg fram på grunn av svært vanskeleg økonomi.

Ordførar Sørheim kan ikkje seia noko om årsaka eller om det har samanheng med behandlinga av sparepakken, men han synest det er leit at dette skjer.

— Elling Hetland er ein person med lang erfaring og mykje kompetanse, og det blir tungt og leitt å mista han, spesielt nå når me står opp i store og tunge prosessar, blant anna med kommunereforma.

Samstundes har eg respekt for avgjerda hans. Han fyller snart 62 år, kan pensjonera seg og har muligheit til å bruka tid på å gjera noko anna, seier Sørheim.

Grannar blei kjent med saka etter at neste avis, som kjem ut fredag 15. mai, gjekk i trykken onsdag kveld, og har difor ikkje omtale av Etne-rådmannen si oppseiing i denne avisa.