Teken etter promilletur

Ein mann kan rekne med straff etter å køyrd bil i rusa tilstand i Sandeid laurdag ettermiddag. Episoden involverte til saman to køyretøy og tre personar.

— Me fekk melding om at ein bil hadde køyrd i grøfta. Meldaren hadde sett at ein av mennene som var i bilen hadde henta ein ny bil, truleg for å bruke denne til å få den andre opp av grøfta. Men bil nummer to køyrde inn i autovernet. Då politiet tok ein tur til staden trefte dei tre godt rusa menn.

— Det er på det reine at ein av personane har køyrd ein av bilene, han vart teken med til legevakt for blodprøve og det er oppretta sak mot han, seier operasjonsleiar Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.