Både Etne og Vindafjord har risikoanalysar for flaum og andre scenario, men opererer på ei generelt nivå med få konkrete vurderingar. Her frå Vikedalselva for ei veke sidan. Foto: Arne Frøkedal
Slår prognosane til, kan det i verste fall bli like store vassføringar i Vikedalselva som det var i oktober 2014. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Flaumfaren mindre

Den varsla faren for snøsmelteflaum på Vestlandet, blir vurdert som redusert av NVE.

Mindre nedbør enn forventa og kjøligare vêr er årsaka til at NVE reknar med at det er mindre sjansar for storflaum enn tidlegare antatt. Verken Etne eller Vindafjord er særleg utsett for ekstrem vassføring i vassdraga framover.

Måndag ettermiddag sendte NVE ut denne situasjonsrapporten:

— Redusert fare for snøsmelteflaum dei neste dagane, men framleis mykje snø i fjellet.

Kjøligare

Varmt vêr og betydelig snøsmelting har medført flaum på oransje nivå mange stader i indre strøk av Sør-Noreg i helga. Vassføringa har generelt vore stabilt høg gjennom helga, og fleire av NVE sine målestasjonar viser framleis flaumvassføring som tilsvarer oransje nivå. Snømengdene i Noreg har i løpet av den siste veka blitt redusert med omtrent ein fjerde del.

Vêret i Sør-Noreg blir kjøligare framover. Lokalt er det varsla rundt 13 plussgrader i låglandet dei neste dagane og godt under ti grader i fjellet. Dette fører til mindre snøsmelting, men det er framleis venta noko nedbør.

NVE melder at Vassføringa er venta generelt å minka frå tysdag av dei fleste stadene, og flaumvarselet for indre strøk av Sør-Noreg er derfor nedjustert frå oransje til gult nivå for tysdag og onsdag.