Tor Egil Holmedal og marinbiolog Jeanette Gramstad talde opp fangst av stor laks tatt i laksefella i Etneelva i fjor sommar. 
FOTO: ARNE FRØKEDAL
Tor Egil Holmedal og marinbiolog Jeanette Gramstad talde opp fangst av stor laks tatt i laksefella i Etneelva i fjor sommar. FOTO: ARNE FRØKEDAL

Laksen stammar frå nyleg rømming

Oppdrettslaksen som den siste tida er fanga i Etneelva kjem frå den same kjelda. Og den har rømd nyleg, ifølgje ei ny analyse.

Det er Rådgivande Biologer AS som har laga analysa på oppdrag frå Fiskeridirektoratet.

Analysene kan ikkje slå fast rømmingstidspunkt, men det er ingen klare vintersoner på fiskene, noko som betyr at fisken ikkje har hatt et langt opphold i sjø etter rømmingen.

– Hovudmengda av oppdrettsfisk i Etnefella har kome dei siste vekene. Rapportering av fangst, saman med analysene fra Rådgivende Biologer AS, støttar Fiskeridirektorates oppfatning om at det er snakk om ei relativt ny og konsentrert rømming, seier Tor-Arne Helle, som er fungerende sjef for seksjon for tilsyn i Fiskeridirektoratet i ei melding.

– Mykje kan tyda på at det er snakk om ei enkelthending og at det ikkje lenger rømmer fisk, seier han.

70 tatt i Etne-fella

Det er fanga nærare 170 laks i vassdrag langs Hardangerfjorden – 70 av desse er fanga i Etnefella.

Meldingane til direktoratets tipstelefon om rømt laks i Hardangerfjorden begynte å kome inn i begynnelsen av juli. Tendensen var aukande fram til ein topp cirka 10. juli. Den siste veka har antall meldinger til Fiskeridirektoratet avtatt.

Ingen oppdrettar har så langt meld fra om skade eller arbeidsoperasjonar som kan gje svar på saka.

– Om saka skyldast skade på eit anlegg, så er denne truleg utbedra, siden fangsten ser ut til å avta. Rømminga kan alternativt skyldast ei enkelthending knyt til ein arbeidsoperasjon som er avslutta, seier Helle.

Fiskeridirektoratet har henta inn tilbakemeldinger frå alle oppdrettsverksemder som har fisk i aktuell storleik.

– Me har òg henta inn leverings- og slaktedata for fisk som er levert til brønnbåter og slakteri i den aktuelle perioda, seier Helle.

Utfisking i elvane til hausten

For å begrensa skadene frå rømminga har Fiskeridirektoratet starta undersøking av elver og vassdrag i området med tanke på uttak av rømt oppdrettsfisk utover høsten.

Uni Research Miljøs undersøkelser i elvene tydar på at deler av den store oppdrettslaksen vil bli moden og trekke opp i elvene for å gyte i høst.

Fiskeridirektoratet vil i samarbeid med andre aktørar foreta utfisking av den rømde fisken før den blir gyteklar i løpet av oktober/november. Av omsyn til vill sjøørret og -laks vil det ikke bli utført utfisking i sjø.

Kostnadane til nødvendige tiltak vil direktoratatet kreja tilbake frå oppdrettsnæringas samanslutning for kollektivt ansvar for utfisking av rømd oppdrettsfisk i elvene.

Fiskeridirektoratet oppmodar folk om å melde inn fangst av oppdrettsfisk og observasjonar til deira døgnåpne vaktsentral på telefonnummer 03415.