Rune Torstenbø sette inn tre mål i kampen mot Åkra 2.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Rune Torstenbø sette inn tre mål i kampen mot Åkra 2. Arkivfoto: Magne Skålnes

Berre uavgjort

Ølen SR-Bank Stadion 27.08 2015

Ølen IL– Karmsund BK 1-1 (1-0)

Haustsesongen har starta litt trått for Ølen, etter poengdeling heime mot Karmsund. Haugesunds-laget som ligg ti poeng bak Ølen på tabellen, bør vera ei overkommeleg oppgåve på heimebane.

Det var noko uforløyst over heimelaget denne gongen, som om dei ikkje fyrte heilt på alle sylindrane frå start. Men Ølen førte store deler av kampen, og kom til nok sjansar til at det burde bli tre poeng.

Rune Torstenbø skåra på straffespark etter at John Magnus Høyvik vart tatt innanfor 16-meteren. Dette skjedde etter 30 minutt av 1. omgang. Men Karmsund hadde ein god periode etter pause, og utlikna ved Kim Damien Belazara etter 57 minutt. Etter dette prøvde Ølen å setja inn ein sluttspurt, og hadde nokre sjansar, men det ville seg ikkje. Dermed enda kampen 1-1.

Dette betyr at Ølen kjem opp i 31 poeng, medan Sauda toppar med 35. Føre ligg òg Stegaberg med 34 poeng og med ein kamp til gode. Neste kamp for Ølen er borte mot Leirvik, noko som ikkje blir ei lett oppgåve.