Fleire hundre skuleelevar vart evakuert i fleire timar i  samband med gasslekkasjane hos NCC Roads onsdag sist veke.

FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Fleire hundre skuleelevar vart evakuert i fleire timar i samband med gasslekkasjane hos NCC Roads onsdag sist veke. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Ville sett kriseleiing tidlegare

Ordførar Sigve Sørheim meiner ein burde sett kriseleiing med ein gong då gasslekkasjen i Etne sist veke var eit faktum.

Det var varaordførar Siri Klokkerstuen som var fungerande ordførar då gassalarmen gjekk ved ein 100 kubikkmeter stor propantank hos NCC Roads i Etne onsdag 19. august. Ho har tidlegare kritisert politiet for ikkje å varsle tidleg nok, slik at ein kunne sett kriseleiing tidlegare. Det er ein kritikk lensmann Ingvar Gjærde har avvist.

Etter at alle naudetatar og andre som deltok under evakueringa møttes til evaluering av hendinga i formannskapssalen i Etne tinghus torsdag, har partane ifølgje ordførar Sigve Sørheim fått snakka ut på ein god måte. Ordføraren legg til at kommunen framleis meiner at ein burde ha sett kriseleiing med ein gong.

— Me meiner at det hadde vore best. Me er drilla på kriseleiing, og me meiner at me har ein god beredskap, seier ordførar Sigve Sørheim.

Kommunen har fram til no praktisert at dei sett kriseleiing i dialog med politiet, men ordføraren seier samstundes til Grannar at dei òg kan gjere de på eiga hand om dei vil.

Kom seint i gang

I samband med gasslekkasjane vart kommunal kriseleiing sett først då alarmen gjekk for andre gong. Etter den første alarmen gjekk det mange meldingar, og noko av det som kom fram i evalueringa var at det skal ha gått forskjellige meldingar mellom involverte etatar om kor stor son kor det skulle evakuerast var. Dette kan også ha vore utløysande til at til dømes Etne skule vart evakuert, utan at politiet – som leia aksjonen – meinte det var behov for det.

— Det handlar nok også om at nokon har landa på å bruke eit føre var-prinsipp, seier ordføraren som ikkje kritiserer nokon for den omfattande evakueringa som vert setti verk, også i både Enge skule og i barnehagen.

Då alarmen gjekk andre gong blei kriseleiing sett, og då fikk ein raskt sett opp et mottak for evakuerte ved Rygg barnehage, og ein kom i gang med SMS-varsling av innbyggjarane som bor i sona som vart evakuert.

Man kan lære ein del med øvingar, men vel så viktig er det med gode evalueringar etter reelle hendingar

Når det gjeld konkrete tiltak etter hendinga er det klart at ein må forbetre kommunen sitt system for SMS-varsel, som viste seg å ikkje vere heilt oppdatert. Og ein har òg som ambisjon å få på plass eit såkalla beredskapskort som skal innehalde ein oversikt over kven som skal varslast ut frå kva type hending det er snakk om.

Følgjast opp internt

Ordførar Sigve Sørheim legg vekt på at evaluering er viktig, og at ein vil jobbe vidare med det internt i Etne kommune.

— Man kan lære ein del med øvingar, men vel så viktig er det med gode evalueringar etter reelle hendingar, seier Sørheim,

I tillegg skal NCC Roads, verksemda der gasslekkasjen skjedde, ha gjeve uttrykk for at dei vil ha et møte med kommuneleiinga så snart deira interne gransking er ferdig. Dette for å gi informasjon om kva som gjekk gale då brannen i et el-skap og lekkasjen i propantanken oppsto. Ingen kom til skade i hendinga.

På det to timar lange møtet torsdag deltok mellom andre ordførar, varaordførar, rådmann, NAV-leiar, politi, helsevesen og Etne Røde Kors.