Odda vassverk vann klassen for grunnvasskjelder, medan Kørelen vassverk i Sund kommune vann klassen for overflatekjelder.
Dette blei klart under VA-konferansen i Haugesund denne veka, i regi av Norsk Vann, KS Bedrift og Norsk Kommunalteknisk forening (NKF).
Dei to vassverka kan nå titulera seg med Vestlandets beste drikkevatn 2015.
Sandeid vassverk og dei andre deltakarane i vestlandsfinalen fekk også skryt av juryen:
— Det var 14 vinnarar og utruleg vanskeleg å kjenna forskjell på dei forskjellige prøvane. Alle prøvane hadde veldig høg kvalitet og det var lite som skilte, seier juryformann Johan P. Nielsen etter at konkurransen var ferdig.
Dette var kandidatane:
Bergen Vann
Bømlo vassverk
Eigersund vannverk
Førde vassverk (Sveio)
Karmøy vassverk
Haugesund vannverk
Husnes vassverk
Krokarheia vannverk
Kvam vassverk
Kørelen vassverk
Langevatn vannverk
Os vassverk
Odda vannverk
Sandeid vassverk
Vossevangen vassverk
Alle vassverk som leverer til meir enn 500 innbyggarar kunne delta i konkurransen. Vassverket må ha godkjenning frå det lokale Mattilsynet.
Vinnarane i kvar klasse går til finalen som er lagt til Miljø & Teknikk Kommunalteknikk 2016, Telenor Arena, Fornebu 19. apri 2016.