Låg aktivitet i deler av næringslivet i VIndafjord gir utslag på arbeidsløysetala i kommunen.
Arkivfoto
Låg aktivitet i deler av næringslivet i VIndafjord gir utslag på arbeidsløysetala i kommunen. Arkivfoto

Westcon kuttar 30 årsverk

Mange blir råka som følgje av ordresvikt i Ølensvåg.

Til saman 30 årsverk innan administrasjon, støttetenester, vedlikehald forsvinn når Westcon no nedbemannar i Ølensvåg. Det skriv nettstaden offshore.no

Det er liten tvil om at også Westcon Group no merker dei harde tidene i bransjen.

 – Vi er midt i ein nedbemanningsprosess ved verftet i Ølen no. Innan administrasjon, HR, løn og rekneskap har me justert kapasiteten ned med cirka 30 prosent av dei tilsette. Noko gjennom omplasseringar, men også mykje oppseiingar, seier konsernsjef Arne Birkeland til offshore.no

Han legg til at Westcon Group framleis har opp mot 500 tilsette i Ølensvåg og at det ikkje er noko krise for verksemda enno.

I 2014 forsvann 20 årsverk frå verksemda som opplever fallande ordremengde.

I sommar har til saman 2.000 personar jobba ved verftet. No er talet lågare, og Birkeland seier til offshore.no at talet på innleigde vil gå ned som ein følgje av manglande oppdrag.