Det jobbast for fullt på nyvegen i Stordalen, men først etter nyttår kan ein ta heile nyvegen i bruk.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Det jobbast for fullt på nyvegen i Stordalen, men først etter nyttår kan ein ta heile nyvegen i bruk. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Nyvegen vert forsinka

Først på nyåret kan siste del av den nye E134-traseen gjennom Stordalen takast i bruk.

— Me hadde håpa å få opna vegen i haust, men no ser me at det av forskjellige grunnar ikkje kjem til å skje før på nyåret, seier prosjektleiar Rolf Harkestad til Grannar.

Vegstykket frå Bakka til krysset ved gamle Håland skule vart teken i bruk i månadsskiftet august/september. Men det blir minst januar 2016 før siste del av den totalt 4,4 kilometer lange nye vegparsellen og 460 millionar kronar dyre vegen blir offisielt opna.

Han seier at det mellom anna er manglande tryggleiksgodkjenning av den 1,2 kilometer lange Stordalstunnelen som dreg ut i tid og som forseinkar prosjektet i forhold til planlagt byggetid. Noko av det dei ventar på er utstyr knytta til naudsamband.

— Får dette nokon økonomiske konsekvensenar?

— Nei, me kjem til å bli ferdig innafor rammene til prosjektet, svarer Harkestad.