Fann vogn – saknar bil

I august i år forsvann ein bil og ei campingvogn frå Skjold. Nyleg vart Etne og Vindafjord lensmannskontor kontakta av Statens vegvesen fordi ei vogn hadde stått parkert på ein parkeringsplass mellom Åmsosen og Solheim. — Det var den stolne campingvogna dei hadde funne. Det er snakk om ei eldre vogn av merket Hobby. Bilen, ein Peugeot Partner med registreringsnummer CF 15 811 er framleis borte. Me ønskjer gjerne tips frå publikum som veit noko om saka, eller kan ha sett noko mistenkeleg, seier lensmann Ingvar Gjærde.